home

Teatersjef skal lede dramaturgiat

Snart overtar Erik Ulfsby det kunstneriske ansvaret for Det Norske Teater. Og fra 1. januar 2012 skal Carl Morten Amundsen, nåværende sjef for Teatret Vårt, lede teatrets dramaturgiat i en periode på fire år. Carl Morten Amundsen var opprinnelig en av søkerne til sjefsstillingen på Det Norske Teatret. I sin som teatersjef i Molde har han flere ganger benyttet Erik Ulfsby som regissør. Les Det Norskes pressemelding.

Det nye dramaturgiatet for åremålsperioden 2011-2015 er no klart. I Erik Ulfsby si sjefstid blir dramaturgiatet ved Det Norske Teatret styrka og får ny organisering.

Cecilia Ölveczky går av for aldersgrensa etter ein stor og betydeleg innsats for teatret gjennom 26 år. 1. august 2010 byrjar Mari Moen (38) som dramaturg og er tilsett ut åremålet til Ulfsby. Moen er utdanna filolog (nordisk/teater) frå universitetet i München og kjem til teatret frå Dramatikkens Hus der ho har vore dramaturg sidan opninga i januar. Ho har tidlegare arbeidd som dramaturg både ved Den Nationale Scene og ved Nationaltheatret.

Otto Homlung er frå 01.01.11 attende i 50% stilling som dramaturg og 50% stilling som regissør etter 6 års permisjon, der han m.a. har vore teatersjef ved Trøndelag Teater.

Dramaturgiatet blir frå 01.01.12 styrka med Carl Morten Amundsen som leiar for avdelinga i ein åremålsperiode på 4 år. Amundsen kjem frå Teatret Vårt der han har vore sjef frå 2000. Han har tidlegare vore dramaturg ved Nationaltheatret i sju år.

Ola E Bø held fram i stillinga som omsetjar og teatrets språkkonsulent og dramaturg.

Erik Ulfsby har signalisert at han vil styrke Det Norske Teatret sin ungdomsprofil, satse på dei nye dramatikar-røystene, møte nye generasjonar og fange mangfaldet av kulturelle uttrykk i det nye Noreg. For å møte desse utfordringane, byggjer han no eit sterkt kunstnarleg lag av dramaturgar.

 

 

Publisert: 03.06.10 av IdaLou Larsen Bookmark and Share

Din kommentar:

Kommentar:
Navn:
Alle feltene må fylles ut!
Carl Morten Amundsen

Carl Morten Amundsen

begynner på Det Norske Teatret i januar 2012. Han skal lede Erik Ulfsbys dramaturgiat.

Foto Arild Moen