home

Utsett teatersjefansettelsen!

idalou.no har i flere dager nå fulgt den problematiske sjefsansettelsen på Det Norske Teatret. I dag tok Aftenposten saken, og konstaterte at misnøyen var stor i ensemblet.

Nå har teatrets kunstneriske personale - skuespillere, musikere, scenografer og dramaturger - gått sammen om en pressemelding der de ber styret utsette ansettelsen, reorganisere tilsettingsutvalget, og intervjue flere kandidater "utan å setje vilkår som bryt med ein teatersjefs kunstnarlege fridom".

Pressemelding om tilsetjing av ny teatersjef på Det Norske Teatret
 Det kunstnarlege personalet ved Det Norske Teatret, skodespelarar, musikarar, scenografar og dramaturgar er svært kritiske til samansetjinga av tilsetjingsutvalet og den framgangsmåten styret har valt i den tilsetjingsprosessen som ein planlegg å avslutte den 14.12.09
Styret/Tilsetjingsutvalet har sett heilt bort frå solide søkarar som dei tilsette har ønskt skulle få ei seriøs behandling, og i argumentasjonen overfor mulege kandidatar, som styret har kontakta, er det lagt fram vilkår som etter vår meining avgrensar ein teatersjefs kunstnarlege fridom langt utover det som ligg til eit styre å bestemme.
Vi ønskjer no at styret stansar tilsetjingsprosessen og tenkjer nytt, og ber om:
 -  at ein utset datoen for tilsetjing av ny teatersjef
 -  at ein utvidar tilsetjingsutvalet med representantar frå det kunstnarlege personalet og evt. reorganiserer det noverande tilsetjingsutvalet.
 -  at ein tar opp ny kontakt med fleire av kandidatane på søkjarlista,  særleg gjeld dette kandidatane som dei tilsette har bedt om at vart intervjua. Vidare at ein tar opp att samtalane med aktuelle kandidatar utan å setje vilkår som bryt med ein teatersjefs kunstnarlege fridom.
 Vi vil presisere at vår kritikk rettar seg mot ein svært uheldig og lukka tilsetjingsprosess og ikkje mot dei kandidatane som tilsetjingsutvalet har fremja, og som vi sterkt ønskjer med vidare i prosessen.
 Krinsstyret for skodespelarane ved Det Norske Teatre på vegne av dei kunstnarleg tilsette:
Heidi Gjermundsen Broch,
Morten Espeland, 
Tobias Santelmann
 
Publisert: 09.12.09 av IdaLou Larsen Bookmark and Share

Din kommentar:

Kommentar:
Navn:
Alle feltene må fylles ut!
Det Norske Teatret

Det Norske Teatret

Sammen med Nationaltheatret. Den Norke Opera og Ballett og Den Nationale Scene i Bergen er Det Norske Teatret fullfinansiert av staten.